Nye einebustader i Hjelmeland sentrum

Nye einebustader i Hjelmeland sentrum

I gata Breidablikk, med fjordnær plassering og praktisk gangavstand til ferjeleie, butikk, idrettshall, skule og barnehage, kommunehus og helsehus, skal me oppføre fire moderne einebustader.

Tre av dei fire einebustadene blir like. Den fjerde blir tilpassa universell utforming og får blant anna rullestoladkomst. Alle blir likevel like store, 159,6 m² BRA inkludert garasje og sportsbod, og får tre soverom i 1. etasje og moglegheit for eit fjerde i 2. etasje. Kvar bustad får terrasse oppå den integrerte garasjen, som for øvrig leverast med leddport og fjernkontroll.

Oppvarming er planlagt ved panelovner i kombinasjon med vedovn. Det leverast balansert villaventanlegg i kvar einebustad. Samtlege av dei fire bustadene overleverast nøkkelferdig og innflyttingsklar, ferdig malt ute og inne.

Ta kontakt med daglig leder i Hjelmeland Bygg, Birger Laugaland, for generell informasjon, priser og plantegninger: tlf: 988 90 078 / e-post: birger(at)hjb.no

Fakta

  • 159,6 m² BRA
  • 3(4) soverom
  • Integrert garasje
  • Utsikt mot Hjelmelandsvågen

Status

Bolignummer Boareal Pris Status
Breidablikk D Solgt
Breidablikk E Ledig
Breidablikk F Ledig
Breidablikk G Solgt

Galleri