Familieheim med utsikt i Årdal
Enebolig
I dette prosjektet fikk vi gleda av å samarbeide med ein familie som ønska å flytte til Årdal og realisera boligdraumen på heimplassen. Resultatet blei ein moderne enebolig på utsiktstomt – tilpassa ein aktiv småbarnsfamilie, med løysningar som fungerer både i dag og i framtida.
Då Håkon Skår og Vilde Autigard Rønning skulle flytte til Årdal, ønskte dei å skape ein heim som passa betre til livssituasjonen enn leilegheita dei hadde budd i tidlegare.
Med to små barn kom behovet for meir plass – og ønsket om å forme ein heim heilt etter eigne behov – vart startskotet for å bygge nytt.
Klare ønsker og behov
Familien hadde klare tankar om korleis bustaden skulle fungere i kvardagen. Ei stor og romsleg stove med plass til både familie og venner var viktig, saman med store vindusflater for å utnytte den flotte utsiktstomta best mulig.
I tillegg var det viktig med garasje direkte knytta til huset, god lagringsplasplass samt smarte og praktiske løysningar som reduserer rot i kvardagen.
– Vi har budd i leilegheit med to små barn og veit kor viktig gode oppbevaringsløysingar er.
Familien fann ein bustad i huskatalogen til Hjelmeland Bygg som dei likte godt, og tomta hadde byggeklausul med Hjelmeland Bygg.
-I tillegg hadde vi fleire venner som hadde hatt gode erfaringer med Hjelmeland Bygg, så valget kjendes både enkelt og trygt.
Førsteinntrykket bekrefta følelsen. –Folka i Hjelmeland Bygg var profesjonelle, hyggelege og serviceinnstilte.
Byggeprosessen var som ryddig og effektiv. Håkon og Vilde hadde gjort dei fleste vala på førehand, noko som bidro til ei smidig gjennomføring.
– Bygginga gjekk som planlagt, og huset vart ferdigstilt til avtalt tid.
Oppfølginga undervegs blir særleg framheva.
Eit heim som fungerer i kvardagen
Familien valde i stor grad å halde seg til dei originale teikningane, sidan planløysinga kjendes gjennomtenkt frå start. Etter å ha budd i huset ei stund, blir inntrykket bekrefta.
– Etter å ha budd her i snart 1 år kan vi nå bekrefte at alt stemmer veldig godt med det vi såg for oss. Det fungerer svært bra for oss no, og vi trur også det vil fungera like godt i framtida når barna blir vaksne og flyttar ut.
Det nye huset gir god plass til både kvardagsliv og store lag.
– Vi har hatt både barnedåp, barnebursdagar og nyttårsfeiring, og det har fungert strålande.
Har du også ein draum om å bygge nytt?
Hjelmeland Bygg har fleire tomter, både i Årdal Brygge og Dalane, og hjelper deg gjerne med å realisere din bustaddraum – frå idé til ferdig heim.