Me i Hjelmeland Bygg har jobba målretta mot Miljøfyrtårn-sertifisering ei tid no. Derfor ser me fram til å passere mållinja i september – og til å jobbe vidare med gode tiltak innan klima, miljø og arbeidsmiljø.
Å vere Miljøfyrtårn forpliktar, og er viktig for oss. Derfor har me utarbeidd ein grundig klima- og miljøpolicy som grunnlag for vidare arbeid. Denne er eit viktig reiskap når me jobbar med bevisstgjering i eigen organisasjon, men også i møte med kundar, samarbeidspartnarar, leverandørar, underentreprenørar, det offentlege og andre me møter i vår kvardag som byggefirma i Ryfylke.
Målet med dette arbeidet er å vere bevisst på eigen miljøpåverknad og bidra positivt til det grøne skiftet. Som Miljøfyrtårn etterlever me krav frå styresmaktene og følgjer miljøleiing slik sertifiseringa krev, men me har også identifisert tre hovudområde for vidare satsing. Desse tre er 1) Innkjøp, 2) Transport og 3) Avfallshandtering, og under kvart av desse har me i identifisert fleire delmål som i sum skal gjere oss til eit endå betre og meir framtidsretta byggefirma.
Alle resultat av vårt «grøne» arbeid, det vil seie gjennomførte tiltak, resultat og klimarekneskap, vil bli offentleggjort på denne nettsida i tråd med krava til oss som Miljøfyrtårn.