Familieheim med utsikt i Årdal

Enebolig

Byggeår: 2025
Arkitekt:Hjelmeland bygg / Systemhus
Fotograf: Marita Ørestrand

I dette prosjektet fikk vi gleda av å samarbeide med ein familie som ønska å flytte til Årdal og realisera boligdraumen på heimplassen. Resultatet blei ein moderne enebolig på utsiktstomt – tilpassa ein aktiv småbarnsfamilie, med løysningar som fungerer både i dag og i framtida.

 

 

 

Då Håkon Skår og Vilde Autigard Rønning skulle flytte til Årdal, ønskte dei å skape ein heim som passa betre til livssituasjonen enn leilegheita dei hadde budd i tidlegare.
Med to små barn kom behovet for meir plass – og ønsket om å forme ein heim heilt etter eigne behov – vart startskotet for å bygge nytt.

Klare ønsker og behov

Familien hadde klare tankar om korleis bustaden skulle fungere i kvardagen. Ei stor og romsleg stove med plass til både familie og venner var viktig, saman med store vindusflater for å utnytte den flotte utsiktstomta best mulig.

 

I tillegg var det viktig med garasje direkte knytta til huset, god lagringsplasplass samt smarte og praktiske løysningar som reduserer rot i kvardagen.

 Vi har budd i leilegheit med to små barn og veit kor viktig gode oppbevaringsløysingar er.

 Tomta har fantastisk utsikt, så store vindauge var eit heilt klart ønske for oss.

 

 

Familien fann ein bustad i huskatalogen til Hjelmeland Bygg som dei likte godt, og tomta hadde byggeklausul med Hjelmeland Bygg.

-I tillegg hadde vi fleire venner som hadde hatt gode erfaringer med Hjelmeland Bygg, så valget kjendes både enkelt og trygt.

Førsteinntrykket bekrefta følelsen. –Folka i Hjelmeland Bygg var profesjonelle, hyggelege og serviceinnstilte.

 

 

Byggeprosessen var som ryddig og effektiv. Håkon og Vilde hadde gjort dei fleste vala på førehand, noko som bidro til ei smidig gjennomføring.
 Bygginga gjekk som planlagt, og huset vart ferdigstilt til avtalt tid.

Oppfølginga undervegs blir særleg framheva.

Vi fekk vekentlege oppdateringar med bilete på e‑post frå tømraren, med oversikt over kva som var gjort siste veka og kva som var planlagt vidare. Det synest vi var veldig kjekt og gav tryggleik i
prosessen.

Eit heim som fungerer i kvardagen

Familien valde i stor grad å halde seg til dei originale teikningane, sidan planløysinga kjendes gjennomtenkt frå start. Etter å ha budd i huset ei stund, blir inntrykket bekrefta.

 Etter å ha budd her i snart 1 år kan vi nå bekrefte at alt stemmer veldig godt med det vi såg for oss. Det fungerer svært bra for oss no, og vi trur også det vil fungera like godt i framtida når barna blir vaksne og flyttar ut.

Det nye huset gir god plass til både kvardagsliv og store lag.
 Vi har hatt både barnedåp, barnebursdagar og nyttårsfeiring, og det har fungert strålande.

Komfort og favorittløysingar

Løysinga med vatnboren varme gir eit jevnt og behageleg inneklima og gir ein ekstra komfort i kvardagen.  Vi har perfekt innetemperatur.

Når Håkon blir spurd om kva løysingar han er aller mest nøgd med, er svaret klart.
 Stova og dei store vindauga utover. Det er utruleg fint å sitte med morgonkaffien og nyte utsikta.

Også terrassen, som ligg i direkte tilknyting til stove og kjøkken, blir flittig brukt.
 Det gjer det veldig enkelt å flytte middagen ut på fine sommardagar.

 

 

Har du også ein draum om å bygge nytt?

Hjelmeland Bygg har fleire tomter, både i Årdal Brygge og Dalane, og hjelper deg gjerne med å realisere din bustaddraum – frå idé til ferdig heim.

Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat


    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.