Hjelmeland
Hyttetomtene ligger like ved Furevatnet på Bjødnabu. Området byr på fritidsaktiviteter som passer for hele familien.
Prisantydning: 195 000,-
Festeavgift: 5000,-
Tomteareal: 1000m²
Hyttetomtene ligg like ved Furevatnet på Bjødnabu. Området byr på fritidsaktivitetar som passar for heile familien. Bjødnabu ligg utanfor allfarveg, og får dermed ingen gjennomgangstrafikk. Sommartid kan ein nytte flotte område og stillheita i fjellheimen. Det er eit fantastisk terreng, og det finst mange turmoglegheiter i området.
Frå tomtene har ein god utsikt over vatnet, der det vert sagt å være mykje fisk og gode bademoglegheiter. Her kan ein òg ha båt. Ein fin haustdag kan området friste med moglegheit for bærplukking. Om vinteren er det lysløype like ved. Her er det moglegheit for familiar å gå tur, eller å trene for dei som måtte ønskje det. Det er òg mogleg å gå toppturar om det kunne friste.
Hjelmeland sentrum finn ein cirka ti kilometer unna. Her tilbyr ein eit breitt utval av butikkar ein måtte trenge for eit opphald på hytta, og servicetenester med meir.
Tomta
Tomteareal: ca. 1000 kvm
Tomtetype: Punktfestetomt
Parkering
Parkering på felles parkeringsplass.
Adkomst
Frå Hjelmeland køyrer ein cirka 5 km mot Vormedalen. Ein tar av til høgre ved skiltet til Bjødnabu/Furevatnet. Denne vegen følgjer ein til endes der det er ein stor felles parkeringsplass. Til høgre for parkeringsplassen går det ein grusa veg vidare til hyttefeltet.
Diverse
Etter avtale med grunneigar har ein rett til å ha båt ved Furevatnet.
Pliktig medlemskap i velforening.
Festeavgifta vil bli på kr. 5.000,- per år.
Lukk
Lukk
Lukk
Lukk
Lukk