Fjellbergskaret
På Fjellbergskaret kan du få hyttetomter som er tilpassa deg og dine ønsker. Området byr på mange fritidsaktivitetar som passar for heile familien. Det er laga ballbinge, skiløyper/lysløype og eit fint lite tjern som kan nyttast av heile feltet. Fjellbergskaret ligg utanfor allfarveg, og får dermed ingen gjennomgangstrafikk.
Sommartid kan ein nyte det flotte området til fots og stillheita i fjellheimen. Det er eit fantastisk terreng, og det finst mange turmoglegheiter i området, som til dømes Stølsrunden, Reinsnuten og Skuteheia. Dersom ein skal fiske på Gullingen, må ein kjøpe fiskekort, noko som gjeld mellom anna for Mosvatnet, Skutevatna og Heiavatn-området. Er du ein aktiv person, kan ein padle i kajakk eller kano på mellom anna Mosvatnet, Sandsavatnet og Blåsjø
På vinteren er det kilometervis med gode langrennsløyper som strekkjer seg frå hytteområdet, rundt Mosvatnet og innover forbi skitrekket på Gullingen. Dei fleste løypene er familievennlege, men det er òg mogleg å gå toppturar med kvista løype om det kunne friste. Ved Fjellbergskaret og Mosvatnet er det lysløype. Gullingen skisenter ligg berre 10 minuttar med bil frå hyttefeltet. Skisenteret har 3 nedfarter, samt 1 barneskiheis. Det vert arrangert skileiker ved Gullingen og Breiastølsdalen ved nokre høve.
Tomtene
Tomtetype: Eiga tomt
Tomtestorleik frå 989 m2 til 1 575 m2. Det er lagt veg, straum, vatn og avløp til tomtegrense. På ferdig planerte tomter er dette lagt i byggegrunn. Tomtene skal haldast så naturlege som mogleg (naturtomter).
Plassering
Fjellbergskaret hyttegrend ligg i flott fjellandskap cirka 1 kilometer sør for Mosvatnet på Gullingen og cirka 1 km vest for fylkesvegen over Hedlebrekk.
Parkering
Parkering på eigen grunn. Det vil vere moglegheit for å køyre til hyttedøra både vinter og sommar. I samsvar med reguleringsføresegner skal det etablerast to parkeringsplassar per oppført buenhet.
Adkomst
Frå Nesvik/Hjelmeland køyrer ein 11 km innover langs Jøsenfjorden, tek av til høgre inn på Fv 632 til Gullingen og køyrer 18 km til Hedlebrekk. Ein svingar til venstre ved parkeringsplassen og følgjer vegen cirka 1 km.
Diverse
Felles kabel-tv system (Altibox) og opplegg for bredbånd.