Skip to main content

25 000 kroner delt ut

til lokale eldsjeler

Då Hjelmeland Bygg runda 25 år i 2025, ønskte me å feire på ein måte som gjerein forskjell i lokalsamfunnet. Me ville løfte fram dei som kvar dag skaper aktivitet, samhald og trivsel i bygdene våre.

.

I staden for berre kake og ballongar bad me folk om å nominere sine favorittlag og foreininga – og responsen let ikkje venta på seg. Me fekk inn ei rekkje sterke nominasjonar, alle prega av ekta dugnadsånd og stort hjarte for bygda si.

 

Etter grundige vurderingar valde me ut 5 mottakarar, som kvar fekk 5 000 kroner i støtte – til saman 25 000 kr.

Rett før jul fekk me gleda av å

overrekka gåvesjekkane til:

 

• Vormedalen Grendautval

• Hjelmeland Teaterlag

• Årdal Bygdaråd

• Mekkeklubben

• Jøsenfjorden Bygdeutval

Gjennom denne gåva ønskjer me å seia takk for tilliten og støtta

me har fått gjennom 25 år – og samtidig bidra til at gode initiativ kan

leva vidare og utvikla seg.

 

 

Me vil takka alle som tok seg tid til å senda inn nominasjonar,

og ikkje minst alle dei frivillige rundt om i bygdene som kvar einaste dag gjer

ein innsats for Hjelmelandssamfunnet.

 

 

Spørsmål?

Kontakt Birger Laugaland

Dagleg leiar

Telefon: 98 89 00 78 Epost: birger@hjb.no