Skip to main content

Som sagt – så gjort.

Med «som sagt – så gjort» meiner vi å understreka kor viktig det er at ein kan ha tillit til handverkarar og byggmeistrar. For oss i Hjelmeland Bygg er det utruleg viktig at folk kan stole på oss.

Å bestilla bygging av eit hus eller ei hytte er starten på ei lang og, for mange, litt skremmande reise. Det veit me. Derfor strekkjer me oss langt for å skapa tillit.

 

 

Stolt forhandlar av Mesterhus.

Mesterhus er ein kvalitetsleverandør som dei fleste kjenner til. I ei årrekkje har dei levert hytter som er designa for den norske naturen og klimaet vårt. Desse solide hyttene kjem i ulike versjonar og kan tilpassast ønska og behova dine.