Leilighet Årdal Brygge
Kun én leilighet igjen!
3 av 4 solgt!
Størrelse: 68 m2
Pris: 3 390 000,-
Desse leilegheitene kjem i ein tremannsbustad inst i Årdalsfjorden. Leilegheitene får mellom tre og fire soverom, eit bad, stue/kjøkken, gang og bod/teknisk rom. Dei vil være nesten identiske med omsyn til innhald, men vil bli bygde speilvende på motsatt side. Den einaste vesentlege skilnaden mellom leilegheitene i 1. etasje samanlikna med dei i 2. etasje, er at balkongen oppe får rekkverk i glas og finare utsikt.
Dette er ein del av ei større utbygging. Her kjem også tomter for einebustader, einebustader i rekke, rekkehus, naust, sjøboder og båtplassar.
Årdal Brygge finn du på den gamle handelslagstomta, i Sjøvegen nær utløpet av Melsåna. Her bur du nesten heilt i strandsona, med praktfulle turområder både til lands og vatn like ved. Denne delen av Årdal var det opprinnelege sentrum i bygda, heilt til Årdalstunet blei bygd for om lag 20 år sidan og overtok den rolla. I dag ruslar du til Årdalstunet på eit lite kvarter. Køyreturen til Tau tek om lag ein halvtime, og då blir det 50 minutter til Stavanger.

Lukk

Lukk

Lukk

Lukk

Lukk

Lukk








Vil du vite mer?
Kontakt Lars Sigve Berge
Eiendomsmegler Notar, MNEF/Partner
Telefon: 95 43 69 66 Epost: lsb@notar.no