Årdal Brygge
Fire naust i sjøkanten ved Årdalsfjorden
Storleik frå 32 kvm
Pris: 1 490 000,-
Naustene leverast med støypt dekke, dør i bakkant og ei 2,5 meter brei todelt dør slik at ein kan dra en robåt/kano i forkant mot sjøen. Alle naustene vil få innlagt strøm. Kvart naust blir 32 kvm. Det blir eige gards- og bruksnummer som strekk seg rundt naustet.
Dette er ein del av ei større utbygging. Her kjem også tomter for einebustader, einebustader i rekke, rekkehus, sjøboder og båtplassar. Alle som kjøper tomt eller bustad i Årdal Brygge vil få kr. 50.000 i rabatt på enten naust, sjøbod eller båtplass.
Årdal Brygge finn du på den gamle handelslagstomta, i Sjøvegen nær utløpet av Melsåna. Her bur du nesten heilt i strandsona, med praktfulle turområder både til lands og vatn like ved. Denne delen av Årdal var det opprinnelege sentrum i bygda, heilt til Årdalstunet blei bygd for om lag 20 år sidan og overtok den rolla. I dag ruslar du til Årdalstunet på eit lite kvarter. Køyreturen til Tau tek om lag ein halvtime, og då blir det 50 minutter til Stavanger.


