Moderne hytte med god romkjensle

På Hovda tilbyr me ei kompakt, flott hytte med to soverom og fin, lys stove. Denne er planlagt oppført på tomt 37, som er 866 m2. Fasaden, med røffe tredetaljar og mørke fargetonar, gjer at hytta glir naturleg inn i det vakre terrenget på Randøy. Takforma og dei minimale takutstikka gir hytta eit heilskapleg og stilreint uttrykk.

Hovudinngangen er plassert midt på den eine langveggen, under eit takoverbygg med god dybde. Når ein kjem inn i stova, fyller eit stort vindaugsfelt heile gavlveggen og bind ute og inne saman på ein vakker og funksjonell måte.

 

Prosjektet

Hyttefeltet ligg ved Ostervika på Hovda, som ligg sør på Randøy. Her er store tomter med svært god plassering, fantastisk utsikt og gode solforhold heile året. Tomtefeltet ligg svært fint til på ei forhøgning i terrenget, noko som gir flott utsikt og gode solforhold. Det er 5-10 min. å gå ned til båtplassane. Der nede finn du og ein fin strand/friområde. Det er mogleg å kjøpe båtplass i Ostervik. I tillegg er det moglegheit til å kjøpe bod ved brygga. Konferer seljar for pris.

 

Plassering

Ostervik/Hovda ligg på sørsida av Randøy i Hjelmeland kommune. Her er ein herleg Ryfylke-idyll med lett adkomst frå Stavanger. Frå Tau er det cirka 50 min. køyring. Det er også nærleik til Lyngsheia og cirka 50 min. køyring til Gullingen/Mosvannet for dei som gler seg over ski og fjell.

 

Parkering

Parkering på egen tomt.

 

Adkomst

Frå Stavanger/Tau køyr mot Hjelmeland. Før Hjelmeland køyrer du inn mot Fister og følgjer skilting til Randøy. Over brua tek du til venstre og følgjer vegen mot Hovda. For detaljert vegbeskriving og informasjon om tomter/tomteplassering kan eigar kontaktast på tlf: 97623237/90526901.

 

Diverse

Det er moglegheit til å kjøpe båtplass i Ostervika. Det kostar maks kr. 60.000,- pr. breiddemeter målt frå senter utligger. Årleg kostnad er cirka kr. 1250,- pr. breiddemeter for drift og vedlikehald. Det er indeksregulert. Kjøpar forpliktar seg til å vere med i båtforeninga. I tillegg vil det påløpe kr. 2.000,- per tomt, per år til vedlikehald av veg og strandområde. Når feltet er ferdig utbygd, overtar tomteeigarane i fellesskap drift og vedlikehaldsansvaret for ledningsanlegg med tilhøyrande teknisk anlegg.

 

Merk:

• Salet skjer med forbehald om godkjend byggetillatelse.

• Tilkoblingsavgift for vatn og kloakk kjem i tillegg.

Kontakt Birger Laugaland

Dagleg leiar

Telefon: 98 89 00 78 Epost: birger@hjb.no